Slik blir underhaldninga på Sildebordet

Her får du den komplette oversikte over det som skjer på Sildebordet 16. juni. Vi har underhaldning på scena i gata, men det skal også vere dans og konsert i byen.

Dans på kulturhuset

Etter mange år utan Sildedans, så blir det no endeleg mogleg å svinge seg på dansegolvet.

Down Home Boys inviterer til dans på Florø kulturhus fredag 16. juni. Arrangementet er i samarbeid med Lev Vel.

Down Home Boys består av Knut Dypevik på slagverk, Henning Standal på gitar og Ingvar Hopland på bass. Erlend Baugstø på gitar og steelgitar gir den gode countrystemninga.

Så her får du svingande dansemusikk av kjende artistar frå 50- og 60-talet som Jim Reeves, Merle Haggard, Bobby Bare, Elvis Presley og mange fleire.

Florø frivilligsentral serverer kaffi og vafler, så kvifor ikkje avslutte Sildebordet her?

Billettar finn du på nettsida til Florø kulturhus, eller du kan kjøpe i døra. Pris kr 200 per person.

Konsert på Haavebua

Det blir også konsert på Haavebua denne fredagen. «Folk Flest» spelar country og irsk inspirert musikk som blir framført på dei «rette instrumenta» for denne typen musikk: fele, banjo, mandolin, ståbass, steel-gitar, gitarar, trommer og sjølvsagt fleirstemt song.

I spissen står sangstjerna frå Sogn, Einar Bolstand, som du blant anna kjenner frå Sogn og Fjordane-songen.

Med «Folk Flest» får du musikk frå The Dubliners, The Waterboys, tradisjonelle irske låter, Dolly Parton, Staut, Johnny Cash og mange, mange fleire.

Bandet hadde «premiere» våren 2016. Sidan då har bandet spela for stappfulle kulturhus, på festivalar og andre arrangement, og fått strålande tilbakemeldingar-

«Folk Flest» består av Einar Bolstad på sang, ak.gitar, piano, Renate Skophamar på sang, Mathilde Skjæret på fele og sang,Tor Magne Kvamsdal på mandolin, steel-gitar og el-gitar, Lars Berge Pedersen på banjo, el. gitar, ak,gitar, Jan Frode Hellebø på bass og Arve Lomheim på trommer.

Fredag 16. juni kjem dei til Florø. Døra på Haavebua opnar kl. 21.30.

Billettar finn du her: Billettar til «Folk Flest»

Underhaldning i gata

Det blir ikkje Sildebord utan underhaldning og musikk som fyller gata med god stemning.

Årets sildebord blir opna av Trine Horne. Florøværingen jobbar til dagleg som representant for norsk sjømat-næring i Frankrike, og har lukkast med å få opp salet til den franske marknaden. 16. juni skal ho få opne den 30. utgåva av Sildebordet.

I tillegg får du musikk av ungdomsbandet Grenades. Dei vann Ungdommens kulturpris i Kinn kommune i mai. Brandsøykoret skal gje oss shantyar saman med eit gjestande kor frå Hamar. Vi skal dele ut fleire prisar, og kåre årets sild i den nye konkurransen vi har. Bandet «Folk Flest» avsluttar underhaldninga på scena før dei altså spelar vidare på Haavebua.

Med andre ord blir det ein veldig artig kveld!

Sildebordet 2023 – Florø, 16. juni kl. 1830.