Sildebordet blei første gang arrangert i 1992. Målsettinga var å lage eit arrangement som skapte liv og røre og auka omsetning i Florø sentrum, samtidig som fiskeindustrien kunne profilere seg betre overfor folk flest. Opphavleg var tanken eit laksebord, men av ymse grunnar blei det endra til sild. Florø blei som kjent grunnlagt pga. det rike sildefisket utanfor her, og eit slikt arrangement kunne da også minne lokalsamfunnet om sine eigne røter (eller nøter!). Sentrale personar bak initiativet var m.a. Harry Ertresvaag frå Statoil forpleining/Kokkenes mesterlaug, marknadsjef Rolf Petter Almklov og fabrikksjef Hallgeir Helland, begge frå Skaarfish, samt dåverande kultursjef Arild Melvær frå Flora kommune.

Komiteen var og er ei blanding av næringslivsfolk (særleg fiskeindustri og handelsnæring), Sogn og Fjordane Kokkelaug, frivillige lag og organisasjonar, samt Flora kommune sitt kulturkontor. Denne blandinga av ulike aktørar i lokalsamfunnet viste seg å bli vellukka. Arbeidsdelinga og kjemien i komiteen har fungert stadig betre, og med stor frivillig innsats frå lag og organisasjonar med FSK i spissen og kjempeoppslutnad frå publikum, har arrangementet blitt ein stor suksess. Om lag 150 frivillige er med på arrangementet kvart år. Grunntanken var og er at dersom alle bidrar med litt kvar, vil summen av arbeid, råvarer og kapital bli stor nok til at økonomien vil gå rundt. Ein hovudidé har vidare vore at Sildebordet skulle vere gratis, både av praktiske og ideelle grunnar. Florøfolk har jo elles tradisjonelt vore vande med å betale lite eller ingenting for ei hank med sild! Rett nok legg vi opp til at folk kan betale ein frivillig kollekt, men det er som oftast alt for få som gjer dette. Ikkje alle såg at eit slikt arrangement ville vere ein vinn-vinn situasjon for alle.

Det første året fekk vi til saman 900 kr i sponsorpengar frå butikkane i Strandgata, men etterkvart har både Florø sentrum og Amfisenteret støtta Sildebordet med større beløp. Andre store og svært trufaste sponsorar har vore Statoil forpleining, Global fish, Drageset Spar Combi, Ewos, Domstein Kalvåg, INC/Fjord Base, Norges Sildesalgslag, Flora kommune, Flora industri- og næringsforening, BB-gruppen og Firdaposten.

Ordførar Kolbjørn Dyrli og ordførar – seinare statsråd – Einar Steensnæs frå Haugesund opna det første Sildebordet. I starten var konkurransen med Haugesund ein viktig gimmick. Etterkvart har dette blitt tona ned, sidan arrangementa er to ulike konsept. Rekordsildebordet i Florø var 357 meter langt. Alle borda var kopla saman, og såg du nokon du ville snakke med på andre sida, hadde du eit problem… I Florø kan vi sitte på begge sider og spise. Haugesund sitt lengste bord var om lag like langt, men der må folk stå og spise berre på den eine sida. Det kan derfor ikkje vere tvil om at Florøbordet har lengst samla ”serveringsareal”.

Sildebordet i Florø har funne si eiga form, som publikum openbert set pris på. Mest folk var det vel i år 1998, då Dubliners spelte for over 12 000 menneske, og sjølv dei åra det har regna, har folk i tusenvis strøymd til bordet. I tillegg til god sild og bra underhaldning, er dette ein stad der folk kan treffe kvarandre og prate i ein hyggeleg og uhøgtideleg atmosfære. Svært mange utflytta Florøfolk kjem heim, og maasnge næringsdrivande inviterer gjester til denne helga. Sildebordet er alltid på fredag, og har sidan starten blitt lagt til samme helg som Kinnaspelet. Etter kvart kom også Florø rockeklubb med Musikkfestivalen.

Verdas lengste sildebord finn du i Florø – 17. juni 2022