Slik laga vi tørkasild

På Sildebordet har vi to ulike serveringar, begge sjølvsagt med sild. Ute i gata serverer vi omlag 1,5 tonn med sild i spann, deriblant favoritten nøttesild. Men visste du at vi også lagar tørkasild? På Sildebordet sel vi dette på eit eige område.

I midten av april blei 300 kilo med sild salta og hengt opp, og nokre veker seinare er silda ferdig tørka. Då blir den fryst ned, før vi henter den fram til den store folkefesten i gata.

Over fleire dagar er ein større gjeng med gode hjelparar i drift på Bataldenbua til Kystmuseet.

Ein av dei som er med på dugnaden med å lage til 3500 sildefiletar er Ivar Magnussen. Han ser fram til å smake på resultatet.

Silda vi bruker til å tørke er sponsa av Global Fish i Florø. Silda som er servert på borda i ulike variantar er sponsa av Pelagia Kalvåg. Utan sponsorane våre hadde det ikkje blitt noko av den store festen vi lagar til – tusen takk til dei!

For å vere sikker på at alle som vil kjøpe skal få, må karane til å tørke meir sild. Dermed skal dei salte og tørke omlag 150 kilo til før vi er heilt i mål.

Vil du smake må du ta turen til Sildebordet 16. juni 2023, seier Stig Bredesen i Sildekomiteen.

Informasjon om kvar du finn «Tørkasild med noko attåt» blir annonsert same veke som Sildebordet.

Sjå korleis vi tørka sild: