1,5 tonn med nydelege, gratis silderettar er klar til servering

Sildebordet i Florø

Foto: Håkon Inge Bjåstad

Å dekke gratis matbord til tusenvis av menneske er ikkje mogleg utan gode sponsorar og gode hjelpar. Årets silderettar er laga av kyndige hender, som har stått på ei veke for å lage 1,5 tonn med Egge-sild, Florø-sild, Stimen-sild og Nøtte-sild. Og no er Håkon Inge Bjåstad og dei gode hjelparane hans i mål.

Gode hjelparar, og lange dagar

– Korleis er det å lage så mykje mat på ein gang?

– Nei, du lyt no byrje i ein ende, seier Håkon og ler. 
– Vi byrja å ta i mot varene førre fredag, så då var det skrelling og førebuinga av silda, legge den i vatn og sno og vende på den. Så byrja vi å produsere lake, slik at smakane får utvikle seg, og så justerer seg fram dit ein skal i løpet av dei neste dagane. Det var mykje førearbeid laurdag og søndag. Det meste av varer og logistikk var på plass måndag/tysdag denne veka, så var det å byrje på hovudproduksjonen på tysdag. Du kan ikkje legge ned alt på same tid, så ein la ned silda ned i puljar, etter som produksjonen skulle gå, seier han og skryt av arbeidsgjengen. 
– Det har gått nokre timar ja, det har det, men eg har hatt god hjelp. Eg hadde med meg fem jenter frå dansegruppa Attitude eit par dagar, og fem russejenter frå Flora Vidaregåande. Og så sette eg ungane mine i tvangsarbeid, seier han og ler. 
– Dei har stort sett vore med meg på alt eg har gjort, og dei er ikkje tunge å be.

Foto: Adrean Bjåstad

Fantastiske råvarer frå Pelagia Kalvåg, Global Florø og Naustdal Dampbakeri

Etter ei veke med arbeid har det blitt ein del smaksprøver på Håkon Inge. Og han håpar silda smakar folket. 
– Eg har smakt alle variantane, opp til fleire gonger, smiler han. – Og eg må seie meg nøgd. Kara vi blandar i er på 200 liter per blanding, så det gjeld å blande godt så smaken blir relativt likt i heile dunken. Det er lett for at det blir litt nyansar viss ikkje, seier han og skryt av råvarene. 

– Alle rettane er laga av kryddersild-filetar frå Pelagia i Kalvåg. Det er særs, særs god sild, og det kan du legge trykk på, seier han og held fram. 
– Og så har vi eminent tørkasild frå Global Florø. Denne silda får du berre på Sildebordet, produsert av Stig Bredesen, og den er i ein klasse for seg. Og ikkje minst får du godt brød frå Naustdal Dampbakeri, seier han og ønskjer folk velkommen tilbake til bords. 

– No håpar eg folk kjem, og at dei gler seg til å smake på silda igjen. No har vi hatt to år utan, så eg ser fram til god stemning i gata igjen og glade menneske, seier Håkon, som har ei viss fartstid i Sildebordet. 

– Førre gang det var Sildebord, i 2019, vart silda laga på Mo og Øyrane Vidaregåande, men då var eg berre koordinator. Første året eg var med var i 1994, men eg har ikkje vore med alle år, avsluttar han. 


Og med det er det berre å ønskje alle og ein velkommen til årets Sildebord. Maten er servert – no er det berre å komme og nyte.

Tekst: Roy Sunde – VOOKAL AS