Tidenes mest etterlengta comeback? Sildebordet er tilbake

Florø - Sildebordet - iflorø - sommer - florø sommer - vestlandet

Med to somrar utan Sildebord, har det liksom mangla ein liten bit av Florø-sjela. Men i år er Sildebordet tilbake, med fornya styrke.  

Fredag 17. juni ventar 90 ferdig dekka bord på deg i Strandgata i Florø. 600 kilo sildefileter av høgste kvalitet er foredla til nydelege silderettar, og tusenvis på tusenvis av glade florøværingar, kinnarar, sunnfjordingar, og alle «andringar» er samla i godt humør. 

– For dei som har lyst å oppleve Florø på sitt beste, så er Sildebordet og Himmel og Hav-helga ein god start. Vi ønskjer alle hjarteleg velkommen, og gler oss, seier Arild Melvær på vegne av Sildekomiteen.

Havets sølv ventar på deg

– Sildebordet er jo ikkje det vi har tenkt mest på dei siste åra, men det er ikkje kjekt å få eit opphald i ein god, gammal tradisjon. Sildebordet vart jo arrangert kvar år frå 1992 fram til pandemien. Men no er det tilbake, smiler Arild og fortel at hovudstjerna i showet er klar.  

– Vi fikk cirka 2 tonn med sild frå Pelagia Kalvåg, som vart til 600 kg med sildefiletar, og foredla det ytarlig til nydelege, gratis silderettar. 17. juni kan folk nyte desse med godt brød frå Naustdal Dampbakeri. I tillegg har vi produsert 3000 salta og tørka sildefiletar, levert av Global Florø, som blir seld utanom. 

Det er berre å sjå på bilete frå tidligare utgåver, så skjønner ein raskt at det er mange, som med god grunn, gler seg sommaren, og Sildebordet i Florø. 

– Sildebordet og Himmel og Hav-helga er eit viktig årleg hending i Florø, både for dei som bur her, tilreisande som kjem hit for å kose seg, og ikkje minst er det eit viktig sosialt treffpunkt mellom oss som bur her og alle som har flytta vekk. Denne helga kjem folk heim og på Sildebordet møter dei kjente, i ein hyggeleg og uforpliktande arena, seier Melvær. 

Du treng ikkje gjere anna enn å møte opp og kose deg

Sildekomiteen håpar på mykje folk og god stemning. 

– Det meste vi har hatt er 12 000 deltakarar, i 1998, då Dubliners spelte. Det er aldri under 3000, og om været er bra brukar det å komme rundt 4-5 000, seier han og held fram. 

– Vi forventar eit hyggeleg arrangement, og mykje folk i byen i år. Eg trur folk har sakna Sildebordet og ser ekstra fram til at det skjer noko i sentrum. I tillegg er det Himmel og Hav-festivalen, så helga blir fylt med mykje kjekt. Sildebordet er også eit uforpliktande arrangement: Det er gratis, det einaste du treng gjere er å møte opp i godt humør. Sildebordet byr på god underholdning frå scena, hyggeleg opplevingar kulinarisk og sosialt, du møter masse hyggelege folk, og du får god, gratis mat, smiler han.
– Stort sett har også vêrgudane vore med oss i alle år. Så Sildekomiteen kan langt på veg love sol, også i år. 

Sildefest 

Det er ikkje berre på dagtid Sildebordet byr på kjekke opplevingar. Fredag er det Sildefest i SPV-teltet på Torget i Florø, med konsert av The Fingals og oppvarming ved Eckhoff Duo. Dørene opnar kl. 21 og du kan kjøpe billettar her

Laurdag inviterer Sildebordet og Laksens dag til konsert med Sol Heilo, med oppvarming frå The Fingals i SPV-Teltet på Torget i Florø. Dørene opnar kl. 21 og du kan kjøpe billettar her

Himmel og Hav-helga

Det er på kysten det skjer, med Florø som midtpunkt: Himmel og Hav helga  17. – 19.  juni 2022 byr på mange og varierte opplevingar: Og viser til fulle at dei orda unge Balder Belsvik skreiv, «Stolt og kry», skildrar Florø på ein treffande måte.

17. – 19.  juni 2022 byr Florø på Kinnaspelet, Sildebordet, Laksens dag og Musikk festival. I sum blir det ein fargerik og sjarmerande festival med eit mylder av aktivitetar.

Feiring det har vi god greie på. Florø by, Stolt og Kry.

Les meir om Himmel og Hav her.